9. klasse ved Brakanes Skule var tekniske tilskiparar og dei løyste oppgåva si på ein framifrå måte. I døra vart ein møtt av to blide jenter som registrerte deltakarar og svara på alle mogleg spørsmål. Bak scenen var det hektisk aktivitet med stemming og øving. Etter vel ein time kunne konferansieren introdusera siste innslag i UKM 2010, og så var det berre å vente i spaning på at juryen skulle verta ferdige med arbeidet sitt. Publikum nytta pausen til å vitja kafeen i Matsalen og både kaker, pylse, brus og kaffi "fekk bein å gå på".
Juryen hadde ein tøff jobb, men etter omlag 45 minutt var dei klare og publikum benka seg i salen igjen for å få veta kven som tekne ut til å delta på fylkesmønstringa. Og dei som går vidare til fylkesmønstringa for Hordaland i frå Eidfjord, Granvin og Ulvik er:
Anna Marlene Hereid og Karoline Hauge Stalheim (Eidfjord)
Betty: Bethina Sunde (Granvin)
David Himle (Granvin)
Ida og Emil: Lina Nesheim og Synnøve Hatland (Granvin)
Åmund Holven (Granvin)
Marta Lindvik (Ulvik)
Zplint : Anette Øydvin, Eira Vestrheim, Martine Meel, Sasha Natalie Gould, Christian Wallevik,
Jon-Peter Lindqvist og Thomas Ljone (Ulvik)
Juryen gav uttrykk for at dei var imponert over nivået på deltakarane, og alle som me prata med, var samde om at med så mange talent innanfor kommunegrensene vil nok desse tre kommunane vera "heimstad kommunar "for profesjonelle musikarar i framtida og.
Anne-Marie Øydvin